Velkomen til å eta på Åsane vgs
Spekter Mat & Drikke tilbyr eit stort utval av varme og kalde rettar til hyggelege prisar. Med dei flotte fasilitetane, vil vi nå ut til brukarane av huset- i tillegg til alle andre som bur i eller besøker Åsane.
Maten blir, så langt det let seg gjere, laga frå grunnen av, med gode og næringsrike råvarer. Vi legg æra vår i å lage velsmakande mat, frå alle hjørner av verda, samstundes som vi prøver å følgje sesongen med dei råvarene som til ei kvar tid er på sitt beste.
Vi ønskjer eit tett og godt samarbeid med brukarane av huset, både enkeltmenneske og institusjonar, til det beste for gjestar og tilsette.
Her er eit utvalg av det serveringssstadane kan by på:
- Kantina tilbyr varme rettar, påsmurte bakverk og drikkevarer
- Eige pizzautsal
- Kaffibaren tilbyr smårettar, bakst og deilig kaffi
Mellom 07.30 og 08.00 blir det servert gratis frukost til alle elevar på skulen.
For meir informasjon ta kontakt med kjøkkensjef på mobil 908 71 303 eller epost