Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?
Er du motivert, uthaldande og i brukbar fysisk form – og samarbeider greitt med andre? Då bør du sjekke ut tilboda på Bygg- og anleggsteknikk! I dette faget får du bygge og vedlikehalde bygningar og anlegg.
Du kan ta fagbrev som tømrar, taktekkar og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.
Vi tilbyr
Første året (vg1) er felles for alle som vel bygg- og anlegg. På skulen vår kan du på Vg2 søkje deg inn på:
- Tømrar
- Klima, energi og miljøteknikk (Blikkenslager, ventilasjon og taktekker)
- Betong og mur
- Rørleggjar
Skulen tilbyr og ein klasse tilrettelagt opplæring i byggfag.
Sjå video om Bygg- og anleggsteknikk: