Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor Helse- og oppvekstfag
Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er også mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.
Dette er utdanningsprogram for deg som likar å arbeide med menneske.
Fellesfaga er ikkje like krevjande som på studiespesialiserande, men tel like mykje. Du bør like å vere saman med andre menneske, ha evne til å samarbeide med andre og kunne setje deg inn i andre sin situasjon.
Vi tilbyr
Vg1 er felles for alle som vel Helse- og oppvekstfag. På Vg2 og Vg3 kan du hos oss velje:
- Barne- og ungdomsarbeidarfag
- Helsearbeidarfag
- Helseservicefag
- Apotekteknikar
- Helsesekretær
- Tannhelsesekretær