Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.
Kvifor idrettsfag
Elevar som går på idrettslinja, får ei variert og praktisk opplæring. Med mykje felles aktivitet og mange felles turar ligg forholda godt til rette for å skape eit godt klassemiljø.
Gjennom trening på skulen får elevane gode vilkår til å utvikle seg vidare i hovudidretten sin eller til å prøve ut og lære nye idrettar. Teorifaga gir nyttig kunnskap om korleis ein bør trene, og gir grunnlag for å utarbeide eigne planar og treningsopplegg.
Idrettsfag gir eit godt grunnlag for å praktisere som leiar og trenar i den frivillige idretten, men òg eit godt grunnlag for vidare studium innan idrett eller andre utdanningsløp kor fysisk aktivitet og helse er sentralt.
Vi tilbyr
På Åsane vgs kan du ta idrettsfag uansett kva idrett du driv med. Vi har egne grupper i fotball, handball og turn. Vi har og ei gruppe for anna individuell idrett på toppidrett. Desse har gjerne felles basistrening, men får òg bruke tid på eigentrening.
Ønskjer du ikkje å spesialisere deg i ein bestemt idrett, kan du velje breiddeidrett. Dette er eit godt tilbod til dei som ønskjer eit allsidig idrettstilbod.
Sjå video om idrettsfag: