Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.
Kvifor velje påbygg
Påbygg er studiet for deg som har valt eit yrkesfagleg opplæringsløp, men som ønskjer å halde fram med studiar på universitets- eller høgskulenivå.
Fullført Vg3 påbygg gir generell studiekompetanse.
Vi tilbyr
- Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse
- Vg4 Påbygging til generell studiekompetanse
Mange av klassane jobbar ut frå eit prinsipp om "karakterdempa undervisningsvurdering". Tidlegare elevar melder om at dette prosjektet har ført til mindre karakterpress, meir fokus på vurdering for lering og økt motivasjon for å delta aktivt i timane.
Påbyggingsåret gir deg moglegheita til å studere vidare på høgskular og universitet. Dersom du ikkje er sikker på kva retning du skal gå vidare, kan du få gode tips på utdanning.no