Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Vi tilbyr
- Kvardagslivstrening
- Arbeidslivstrening
- Grunnkompetanse Helse- og oppvekstfag
- Grunnkompetanse Sal,service og reiseliv
- Grunnkompetanse Bygg- og anleggsteknikk
Åsane vidaregåande skule har eit breitt tilbod innafor tilrettelagt undervisning. Tilbodet er tilpassa elevar med behov for spesialundervisning og tett oppfølging.
Vi har klassar med eit redusert tal av elevar. Hausten 2020 flytta vi inn i heilt nye lokalar, eit nybygg som har vist seg å vere godt egna til dei tilrettelagde gruppene.