Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Elever som skrur sammen en benk

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Er du motivert, uthaldande og i brukbar fysisk form – og samarbeider greitt med andre? Då bør du sjekke ut tilboda på Bygg- og anleggsteknikk! I dette faget får du bygge og vedlikehalde bygningar og anlegg.

Du kan ta fagbrev som tømrar, taktekkar og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Vi tilbyr

Første året (vg1) er felles for alle som vel bygg- og anlegg. På skulen vår kan du på Vg2 søkje deg inn på: 

  • Tømrar
  • Klima, energi og miljøteknikk (Blikkenslager, ventilasjon og taktekker)
  • Betong og mur
  • Rørleggjar

Skulen tilbyr og ein klasse tilrettelagt opplæring i byggfag.

Sjå video om Bygg- og anleggsteknikk:

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Dersom du har praktisk sans, liker skapande og praktisk arbeid kan dette vere noko for deg. Du bør i tillegg vere nøyaktig, ha god helse og ha gode samarbeidsevner. I løpet av skuleåret vil du bli presentert for ulike fag i «byggfamilien».

Du vil lære å bruke byggeindustrien sine ulike verktøy og maskiner og du vil få prøve ut ulike byggearbeider i skolens flotte verkstader. Det vil og bli utplassering i bedrift. Her vil du lære arbeidslivet å kjenne og kunne knytte kontakter med tanke på læreplass.

Vg2 Tømrer

Vg2 Tømrer gjer deg innsikt, kunnskap og praktisk erfaring med konstruksjonar og klimaskall, vindu, dører og innvendige arbeid og materialegenskap, varmeisolering og tetting og bygging av hus.

Vi disponerar heilt nye og godt utstyrte verkstader med nye maskiner og utstyr. Vg2 Tømrer tar og oppdrag utanfor skulen slik at elevane får lære å organisere arbeidet på ein riktig byggeplass.

Vg2 Klima, energi og miljøteknikk (Blikkenslager, ventilasjon og taktekker)

Her kan du søke læreplass i isolatørfaget, tak - og membrantekkerfaget samt ventilasjon og blikkenslagerfaget.

Yrkesfagleg fordypning blir gjennomført ved å følge arbeidet i ein bedrift. Her vil du lære arbeidslivet å kjenne og kunne knytte kontaktar med tanke på læreplass.

Opplæringa skal bidra til å utvikle kompetanse på produksjon, montering og service av ventilasjonsanlegg. Opplæringa skal og legge vekt på korleis en skal beskytte bygg mot vær og vind ved tekking av tak og fasade med tilhørande beslag og detaljer. Vidare skal opplæringen bidra til å ivareta estetiske og arkitektoniske uttrykk.

Sjå video om blikkenslager:

Vg2 Mur og betong

Vi disponerar nytt spesialverkstad for mur og betong og vi samarbeider med næringa for å gje ein mest mogeleg relevant opplæring.

I mur- og flisleggjarfaget er mange moderne hjelpemiddel tatt i bruk, men tradisjonelle handverksmessige metoder dominerar fortsatt faget. Du må ha godt handlag, praktisk sans, være nøyaktig og ha god fysikk.

Muraren skal kunne kommunisere med kunder og kolleger, og kunne arbeide planmessig. For å bli betongfagarbeider må du kunne jobbe selvstendig, være kreativ, nytenkande og miljøbevisst.

Yrkesfagleg fordypning blir gjennomført ved å arbeide i et murarfirma eller ein betongentrepenør. Her vil du lære arbeidslivet å kjenne og kunne knytte kontaktar med tanke på læreplass.

Vg2 Rørleggjar

Åsane vidaregåande Skule har nytt stort spesialverkstad for opplæring i rørfag og en byggegrop for utvendige rørarbeider i grunnen. Det er tett samarbeid med rørbransjen og opplæringskontor.

Yrkesfagleg fordypning blir gjennomført i ein rørleggjarbedrift. Her vil du lære arbeidslivet å kjenne og kunne knytte kontaktar med tanke på læreplass.
Du må være lærevillig, påliteleg og praktisk anlagt. Du må kunne lese og skrive godt nok til å kunne forholde deg til monteringsanvisningar, prosjektbeskrivelser og kontrakter.

Sjå video om rørfag:

Elev som murar

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift.
Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.