Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

Elev i undervisning elektrofag

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Elektro og datateknologi

Vil du arbeide som elektrikar, togelektrikar, heismontør, dataelektronikar eller med romteknologi, så er starten elektrofag. Dersom du vel Elektro og datateknologi, er moglegheitene mange og variasjonen stor. Utdanningsprogrammet fører til eit mangfald av yrke for installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system.

Vi tilbyr

Det første året er felles for alle som vel Elektro og datateknologi. På Vg1 får du kunnskap om alt frå automatisering og energisystem til data og elektronikk. I praksis går mykje av undervisinga føre seg gjennom arbeidsoppgåver i elektroverkstaden på skulen. På skulen vår kan du på Vg2 søkje deg inn på:

  • Elenergi og ekom

Sjå video om elektro og datateknologi:

Vg1 Elektro og datateknologi

I tillegg til elektrofaga (programfag) får du opplæring i fellesfag på Vg1 som omfattar engelsk, matematikk, kroppsøving og naturfag. Dette gjer at du etter Vg1 og Vg2 kan ta påbygg til generell studiekompetanse og ha moglegheit til å ta utdanning på høgskule og universitet. Eller du kan gå læretida i ei bedrift og ta fagprøve i eit av dei mange faga innanfor denne yrkesretninga.

I praksis går mykje av undervisinga føre seg gjennom arbeidsoppgåver i elektroverkstaden på skulen. Her set du som elev opp styringssystem i miniatyrskala, som simulerer korleis det skjer i ekte system. Om du vel elektrofag, er moglegheitene mange og variasjonen stor. På Åsane vidaregåande ønskjer vi å førebu deg til dette og kanskje det viktigaste: gi deg ei trygg og god oppleving av fagkunnskap sammen med resten av klassen.

Vg2  Elenergi og ekom

Med Vg2 Elenergi og ekom (elektronisk kommunikasjon) kompetanse kan du velje mellom åtte ulike fagbrev - alt frå elektrikar til heismontør. Undervisninga er lagt opp som øvingar, på same måte som på Vg1, men på Vg2 monterer vi meir samansette anlegg og skaffar oss utfyllande kunnskapar om desse.

Eksamen frå Vg2 gir deg anledning til å søke læreplass i ei bedrift slik at du kan ta fagbrev. Vegen mot fagbrev etter Vg2 tar vanlegvis 2,5 år.
Du har også muligheter til å søke Vg3 Påbygging for å oppnå generell studiekompetanse. Vidare kan du studere ved høgskular og universitet.

Elev montering av strømskap

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift.
Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.