Hopp til hovedinnhold

Meir om idrettsfaga

Om idrettsfaga

Her kan du lese litt meir om dei ulike faga treningslære, aktivitetslære, treningsledelse, idrett og samfunn, toppidrett og breiddeidrett.


Treningslære

Treningslære er eitt av "teorifaga" på utdanningsprogram for idrettsfag. Men ein del timar blir òg brukte til å prøve ut teorien i praksis. Her lærer du blant anna om treningsmetodar, korleis trening verkar på kroppen, trening og helse, mental trening og andre emne knytt til trening.

Treningslære er delt inn i fire hovudområde:
›Treningsplanlegging
›Kroppens oppbygning og funksjon
›Treningsformer og treningsmetodar
›Trening og helse

Treningslære 1 er eit fag som går over to år (Vg1 og Vg2). Undervisninga skjer både i klasserom og ute i det fri.
Treningslære 2 er ei vidareføring av treningslære 1 og kjem på Vg3.

Aktivitetslære

Aktivitetslære er eit praktisk fag med undervisning i mange ulike idrettar i tillegg til friluftsliv. Faget har 4 veketimar kvart år og er delt opp i tre hovudområde:
›Idrettsaktivitetar
›Basistrening
›Friluftsliv

På Vg1 er vi innom idrettar som symjing og livredning, turn, volleyball, orientering, leik/dans og alpint/telemark/snowboard.
Det blir òg lagt vekt på ulike variantar av basistrening og skadeførebyggande trening.

På Vg2 og Vg3 blir nokre av idrettane vidareført og nokre nye kjem inn. Det vil òg bli rom for eigentrening og meir fordjuping i enkelte idrettar.

Treningsledelse

I faget treningsledelse skal du få både teoretiske kunnskapar om og praktiske ferdigheiter i å kunne fungere som instruktør eller treningsleiar.

På Vg2 har du 2 timar i veka. Her lærer du mykje om kva som er viktig for å bli ein god trenar eller instruktør. Gjennom teorien lærer du om grunnprinsipp i instruksjon og treningsledelse. Viktig her er blant anna oppgåvene til treningsleiaren, planlegging og organisering av trening, undervisnings- og instruksjonsmetodar.
I praksistimane får du ulike instruksjonsoppgåver der du skal praktisere det du har lært i teoritimane. Da får du prøve deg som instruktør for dei andre elevane i klassen.

På Vg3 har du 3 timar i veka.
I teoritimane dette året lærer du meir om forhold som har med ledelse og instruksjon å gjere. Læringsteoriar, motivasjon, kommunikasjon og ulike former for leiing er emne som blir gjennomgått her.
Vi prøver å fordjupe oss i emne som er gjennomgått på Vg2. På dette trinnet inngår òg idrettsarrangement, og det blir lagt opp til ulike arrangement som elevane skal planlegge og gjennomføre.

Idrett og samfunn

Idrett og samfunn er eit fag på Vg2 og Vg3 med 2 og 3 veketimar kvart av åra. I dette faget tar vi blant anna opp idrettens historie. Kven tok initiativet til dei moderne olympiske leikane, kva slags idrettar dreiv dei med i vikingtida, kva rolle spelte idretten under krigen osv.
I tillegg vil idrettens plass i dagens samfunn bli gjennomgått og diskutert. Det er mange aktuelle tema som kan behandlast, som til dømes dopingproblematikk, fair play, idrett og kommersialisering, spiseforstyrrelsar osv.Gjennom diskusjon og arbeid med stoffet vil du få anledning til å vurdere idretten på andre område enn det du kanskje gjer til dagleg.

Toppidrett

Toppidrett er eitt av dei valfrie programfaga som består av tre hovudområde:
›Treningsplanlegging
›Basistrening
›Ferdigheitsutvikling


I dette faget skal du jobbe med utvikling av ferdigheiter og prestasjonar i spesialidretten din. Dette faget passar difor best for elevar som driv konkurranseidrett og som ønskjer å forbetre seg innan ein bestemt idrett.
Til hausten har vi grupper i handball, fotball, turn og ei for elevar som driv med andre idrettar. Faget har 2 – 3 økter i uka, og du kan velje om du vil halde fram med Toppidrett 2 og 3 eller om du vil byte til andre valfrie programfag etter Vg1.

Breddeidrett

Breddeidrett er eit anna valfritt programfag som består av tre hovudområde:
›Idrettsaktivitetar
›Basistrening
›Fysisk aktivitet og helse


I dette faget kan du drive med eigenutvikling gjennom brei og allsidig aktivitets- og idrettserfaring. Dette faget passar difor best for elevar som ønskjer eit allsidig og variert aktivitetstilbod.
Faget har 2 økter i uka + fagdagar. Du kan velje om du vil halde fram med Breddeidrett 2 og 3 eller om du vil byte til andre valfrie programfag etter Vg1.