Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Helsesekretær elever tar blodprøve

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar

Skuleåret 2023/2024 tilbyr vi desse faga på vaksenopplæringa:

Vg1 Helse- og oppvekstfag
Vg1 Bygg- og anleggsfag 
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag, Bergensmodellen
Vg2 Helsefagarbeidar
Vg2 Helsefagarbeidar / Samarbeidstiltak NAV, BK, ÅVS-VLFK
Vg2 Helseservicefag
Vg2 Tømrar
Vg3 Helsesekretær
Vg3 Tannhelsesekretær

skolebygg.jpg

Vaksne kan søke om vidaregåande opplæring og realkompetansevurdering. Meir om søknad og fristar her.

Karriereveiledning-large-2000-1333.jpg

Ønskjer du nokon å snakke med om jobb eller utdanning? Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne over 19 år.

Viss du har spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne, eller treng hjelp til å søkje, kan du bestille tid til ein av våre rådgjevarar i rettleiingstenesta:

Bur du i Bergen nord eller Bergen Sør? Bestill tid for rettleiing her.
Bergen nord: Alver kommune, Arna bydel, Austrheim kommune, Fedje kommune, Gulen kommune, Kvam kommune, Masfjorden kommune, Modalen kommune, Osterøy kommune, Samnanger kommune og Åsane bydel.

Bergen sør: Fana, Ytrebygda, Bjørnefjorden kommune og Austevoll kommune.

Bur du i Bergen sentrum eller Bergen vest? Bestill tid for rettleiing her.
Bergen sentrum, Laksevåg, Fyllingsdalen, Olsvikåsen, Sotra, Askøy.

Vg1 helse- og oppvekstfag

Dette er eit tilbod som i hovudsak er rekna på minoritetsspråklege deltakarar som har vaksenrett. Undervisninga er tre fulle dagar i veka og består av programfag i tillegg til fellesfaga matematikk, naturfag og engelsk. Det er også to timar obligatorisk norskopplæring i veka. I desse timane er omgrepsforståing og skrivetrening vektlagd. 15 av plassane i dette kurset er avsett til Vg2 - Helsefagarbeidar / Samarbeidstiltak NAV, BK, ÅVS-VLFK. Det er ein fordel at deltakarane i denne utdanninga har, eller skaffar seg relevant praksis.
For å få utbytte av opplæringa bør søkjarar ha norskkunnskap på minimum B1-nivå

Vg1 bygg- og anleggsfag

Dette er eit tilbod som i hovudsak er rekna på minoritetsspråklege deltakarar som har vaksenrett. Undervisninga er fire fulle dagar i veka og består av programfag i tillegg til fellesfaga matematikk, naturfag og engelsk. Det er også to timar obligatorisk norskopplæring i veka. I desse timane er omgrepsforståing og skrivetrening vektlagd, inkludert YFF utplassering i relevant bedrift/verkstad.
For å få utbytte av opplæringa bør søkjarar ha norskkunnskap på minimum B1-nivå

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag

Dette tilbodet bygger på VG1 helse og oppvekstfag. Det vert undervist i programfag i tillegg til fellesfaga norsk og samfunnskunnskap. Tilbodet har tre undervisningsdagar i veka. Det er ein fordel at deltakarane i denne utdanninga har, eller skaffar seg relevant praksis.

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag, Bergensmodellen

Dette er eit samarbeid mellom Bergen kommune, NAV og VLFK. Målet er å kvalifisere flyktningar til arbeid i barnehagar. Modellen er ein vekslingsmodell der deltakarane er på skule ein til to dag i veka for å få teoriopplæring i programfaga og i praksis i barnehage tre til fire dagar i veka over to år.

Vg2 helsefagarbeidar

Dette tilbodet bygger på VG1 helse og oppvekstfag. Det vert undervist i programfag i tillegg til fellesfaga norsk og samfunnskunnskap. Tilbodet har tre undervisningsdagar i veka. Det er ein fordel at deltakarane i denne utdanninga har, eller skaffar seg relevant praksis.

Vg2 - Helsefagarbeidar / Samarbeidstiltak NAV, BK, ÅVS-VLFK

Tilbodet bygger på VG1 helse og oppvekstfag. Det vert undervist i programfag i tillegg til fellesfaga norsk og samfunnskunnskap. Tilbodet har tre undervisningsdagar i veka. Det er ein fordel at deltakarane i denne utdanninga har, eller skaffar seg relevant praksis.

Vg2 helseservicefag

Dette tilbodet er for dei som ønskjer å kvalifisere seg vidare til å arbeide som helsesekretær, tannhelsesekretær eller apotekteknikkar. Det krevst utdanningsbakgrunn frå helse- og oppvekstfag VG1 eller relevant arbeidserfaring. Tilbodet er eit svært komprimert kurs med undervisning i programfag ein dag i veka. Det er ein fordel at deltakarane i denne utdanninga har, eller skaffar seg relevant praksis.

Vg2 tømrar

Dette tilbodet bygger på VG1 bygg og anleggsfag. Det vert undervist i programfag i tillegg til fellesfaga norsk og samfunnskunnskap. Tilbodet har fire undervisningsdagar i veka, inkludert YFF utplassering i relevant bedrift/verkstad

Vg3 helsesekretær

Tilbodet er i hovudsak retta mot personar som er i arbeid innan sektoren, som har helseserviceutdanning på VG2 nivå eller som har relevant erfaring innan sektoren. Skuletilbodet er komprimert og har undervisning to dagar i veka. Bestått eller realkompetansevurdert vg1 og vg2, samt bestått vg3, gir grunnlag for vitnemål og søknad om autorisasjon som helsesekretær.

Vg3 tannhelsesekretær

Tilbodet er i hovudsak retta mot personar som er i arbeid innan sektoren eller som har helseserviceutdanning på VG2 nivå. Tilbodet er komprimert og har undervisning to dagar i veka. Bestått eller realkompetansevurdert vg1 og vg2, samt bestått vg3, gir grunnlag for vitnemål og søknad om autorisasjon som tannhelsesekretær.

Skuledagar skuleåret 2023-2024

VG1 Helse- og oppvekstfag: måndag, onsdag og torsdag
VG1 Bygg og anleggsfag: måndag, onsdag, torsdag og fredag
VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfag: måndag, torsdag og fredag
VG2 Helsefagarbeidarfag: tysdag, torsdag og fredag
VG2 Helseservice: torsdag
VG2 Tømrarfag: Måndag, tysdag, onsdag og torsdag
VG3 Helsesekretær: måndag og tysdag
VG3 Tannhelsesekretær: tysdag og onsdag


Søknadsfrist for alle programområda er 1.3.23
Du søkjer skuleplass på Åsane vgs ved å følgje lenka: https://www.vigo.no/nyvigo/vigo
Velg søkerfeltet i midten «for vaksne eller realkompetansevurdering»
Velg «For søkere til andre fylker» og velg «Vestland»

Lykke til i søknadsprosessen